En halvtimes biltur fra Sognefjellshytta finner du Galdhøpiggen Klatrepark som ligg rett ved Raubergstulen Turishytte.

Her er litt av det Galdhøpiggen Klatrepark selv skriver om klatreparken:

Galdhøpiggen klatrepark består av 8 løyper inkludert ei testløype og ei barneløype. Her er det traveser(zipline) og mange ulike utfordringar. Dette er ein flott aktivitet for heile familien. Her har du ulike utfordringar ope imellom trea i opp til 12 meters høgde. Parken eigner seg og godt for bedrifter, avsluttningar, utdrikkingslag eller andre grupper.

Parken har til saman 76 plattformer, og bør vekke «Tarzan» i dei fleste av oss. Grillplassen i bunnen av parken gjev moglegheit for matservering etter klatringen. (lyt avtalast i forkant)

 



Barneløypa
Me har bygd ei ny barneløype nede i parken. Den er laga slik at vaksne personar kan fylgje borna i løypa eller gå attmed på bakken, og hjelpe borna dersom det vert behov for det. Barneløypa er laga slik at ein kan gå heile løypa fleire gonger, eller berre gå delar av den. Dette er noko ein kan gjere medan ein ventar på resten av turfylgjet som er i parken.

Ekstremløypa
Ekstremløypa utfordrar sjølv den erfarne klatreparkentusiast. Dette er ei relativt kort løype med høg intesitet, der du får prøvd både psyke og balanse. Du vera over 160 cm lang for å kunne gje deg i kast med ekstremløypa.

Gje venner eller familien din ei skikkeleg utfordring og inviter dei med på ein tur til klatreparken! Me kan og lage ulike opplegg med teambuilding for bedrifter og organisasjoner. Kontakt oss på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller ring oss på 61212799

Kontakt oss

Sognefjellshytta
2687 Bøverdalen
61 21 29 34
post@sognefjellet.no